Foto: tomas@icu.no

Høgre besto testen

VG sitt forsøk på å senda Høgre ut på glattisen lukkast ikkje. Kanskje har Høgre hatt nok av leiarstridar, stridar som oftast øydelegg valkampar, skriv Valgerd Svarstad Haugland.

10.02.2009 14:07 – Av Valgerd Svarstad Haugland

Før helga kunne vi lesa at Per Kristian Foss ikkje var uvillig til å bli Høgre sin statsministerkandidat. Ny stor leiarstrid kunne lett blitt resultatet. Mange veit, og VG har også skaffa undersøkingsresultat som viser, at Per Kristian har mange støttespelarar. Lars Sponheim har også sagt at han føretrekk Foss som statsminister i ei ny regjering. Nytt bråk kunne lett oppstått.

Etter kvart kom det fram at Foss hadde svart på denne utfordringa i eit internt møte under nominasjonsprosessen i Oslo Høgre. Han hadde altså ikkje vore illjoal. Foss hadde også sagt at han kunne vera kandidat dersom Erna Solberg trakk seg eller dersom ho oppfordra han til å ta på seg denne oppgåva. Foss gav eit opplagt svar, spør du meg, men det kunne lett ha blitt bråk av det. Og VG forsøkte nok å laga bråk av det, men dei lukkast ikkje. Dei tillitsvalde i Høgre var lojale. Dei støtta opp leiaren sin fullt og heilt. Det var herleg å sjå – for ein gong skuld – at VG ikkje klarte å laga bråk. Partiet Høgre besto testen – denne gongen.

Del på Twitter Del på Facebook

Kommentarer

Rapporter upassende innholditepstad@fjellskalnes.no, 11.02.2009 10:55
Jeg synes P.K.Foss er en bedre opposisjonspolitikker, derfor har han sterk støtte blandt velgerene. Men jeg tror Erna Solberg vil bli en bedre Statsminister enn P.K.Foss. Min påstand bygger på E. Solberg sine kvaliteter som Kommunalminister i Bondevik II regjeringen !

Rapporter upassende innholdBodil Eikeset, 12.02.2009 12:06
Hvordan klarte VG å få fatt i informasjonen fra det interne møte under nominasjonsprosessen ?

Rapporter upassende innholdNoble Dancer, 12.02.2009 13:06
Bra Erna! Du var også best (og mest forstandig, nytenkende og forståelig) av politikerne på Civita-møtet onsdag. Men synes du blir svært alene i Høyre-toppen! Kan du ikke finne noen med "ekstrem-ferdigheter" som Drillo ville sagt - og satse på et H-lag som gir Ap-laget en tøff match, for å holde oss i fotballterminologien? Ja, ta en Drillo - med andre ord!!!!

Rapporter upassende innholdSteinar Skår Fusa Høgre, 17.02.2009 15:17
Det er svært godt at dette har roa seg. Og som tidligere nevnt er Erna ubestritt som Statsminister kandidat, og har bevist det gjennom den gode jobben som kommunal minister